GjerrigGompen Gjest
Torsdag 21 August 2003, 17:47 |
|
|
I ein tråd der han som laga tråden spurte kva folk synest om sida hans, svarte eg at eg syntest sida var stygg. Eg sa unnskyld, for eg var nokså brutal, men likavel ærleg.
Då kjem dette innlegget frå moderator:
Hehe....ikke at jeg ikke er enig men dette var et unødvendig innlegg
*klikk*
_________________
Besøk MannyWeb
-
Sp00nman @ efnet
I tillegg stenger moderatoren tråden. Kva for slags moderering er det?!
For det første var ikkje mitt innlegg unødvendig, han som laga tråden spurte om kva folk syntes, og eg gav min ærlege meining, eg gjev ikkje masse ros i hytt og pine på sider eg synest er stygge berre for å vera snill. Det er faktisk ikkje snilt, det er løgn og dermed slemt.
For det andre er innlegget til moderator unødvendig.
Altså: moderator postar eit unødvendig innlegg for å seie at mitt innlegg som faktisk svarte på sprøsmålet i opningsinnlegget var unødvendig, i tillegg til at moderator stenger tråden av ein uforståeleg grunn, slik at stakkaren som vil ha vurdering av sida si må laga ein ny tråd, og kven veit, med slik moderering blir vel kanskje ein evt ny tråd stengt og. Det skulle heller ikkje forundra meg om eg blir utestengd no for å informera andre gjerrigknarkar om denne skammelege modereringa.
Nemnte nokon ytringsfridom...? |
|
|